“There is no place like here” videreføres som “Ingen stad som her”

Oppdatert: 05.06.2010

“Ingen stad som her” er ein vidareføring av utstillinga “There is no place like here”. Til kvart eiskild tekstilobjekt er det knyta eit dikt av ein Hordalandsforfattar. Puffane blir vist saman med dikt av lyrikarane Aslaug Laastad Lygre, Einar Økland og Olav H. Hauge for å gje nye tankar til opplevinga.

Vandreutstillinga er å sjå frå 20. mai til 13. august på Osterøy bibliotek. Seinare skal utstillinga vere med på Poesifestivalen Sumarnatta på Lygra 20.-22. august og i haust til biblioteka i Nordhordland. Seinare truleg i samarbeid med Den kulturelle  skulesekken til resten av Hordaland og kanskje andre fylke.

Meir informasjon om prosjektet og bakgrunnen for utstillinga her.

Litterær vidareutvikling: Nordhordlandsbiblioteka sitt prosjekt «Nynorsk på ny» og Osterøy kunstlag.